I eit brev til Frp sentralt, skriv ordførar Terje Vadset at administrasjonen har gitt dårlege råd i saka.
Kommunestyrerepresentant Modolf Hareide seier fleirtalet var klar over kva dei vedtok.
Han reagerer på at ordføreren prøver å fråskrive seg ansvaret for vedtaket.
Ordføraren har lova å ta saka opp på nytt i formannskapet tysdag.