NRK Meny
Normal

Franskmann klar for Hødd

23 år gamle Darnel Situ har signert ein kontrakt med Hødd ut 2015.

Darnel Situ aktuell for Hødd

Franskamennen Darnel Situ har signert ein kontrakt med Hødd ut 2015.

Foto: Hødd IL

Det opplyser klubben i ei pressemelding.

Onsdag trente Situ med laget for første gong, og no skal han ha signert ei kontrakt med klubben ut 2015.

Darnel starta karrieren i den franske toppserieklubben Lens, men vart seld til Premier League-klubben Swansea i 2012.

I august 2014 signerte han for danske AGF Aarhus der han spelte til sommaren 2015. Darnel har spelt 49 aldersbestemte landskampar for Frankrike (U-16, U-17, U-18 og U-19).

Fornøgd med nysigneringa

Sportssjef i Hødd André Nevstad er godt fornøgd med at Darnel Situ blir Hødd-spelar.

– Vi har hatt eit ønskje om å få inn ein forsvarsspelar til i A-stallen, og er svært godt fornøgd med at Darnel no er på plass. Darnel er fysisk sterk, han har gode ferdigheiter og har bra fart. Vi ser absolutt eit spennande potensial og trur at han kan bli ein nyttig tilvekst i dagens A-stall, kommenterer Nevstad i pressemeldinga.

Darnel er også godt fornøgd med å vere på plass i Hødd og Ulsteinvik.

– Eg har blitt teken imot på ein svært god måte og fått eit veldig godt inntrykk av klubben og mine nye lagkameratar. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle i og rundt klubben – og gleder meg til ein spennande haustsesong i Hødd-drakta, står det i pressemeldinga.

Darnel har fått tildelt drakt nr. 5