Frank Sve vil rydde opp

Frank Sve (Frp) krev eit kutt på 2,5 prosent i budsjettet for Hushaldrenovasjon. Det fremma han i representantskapet i Årim i dag.

– Dette betyr betydeleg lågare avgifter til folk flest i ÅRIM kommunane for renovasjon, enn det styret tilrådde med auke på 4,5% og opp til 8,5% i økonomiplanperioden, skriv Sve i ei pressemelding.

Han meiner det er feil at innbyggjarane skal betale for dei auka kostnadane i drifta.

Søppeldunker
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK