NRK Meny
Normal

Frank Sve trekkjer seg som listetopp

Frank Sve trekkjer seg som Frps listetopp frå Møre og Romsdal. Dette gjer han for å gi plass til Sylvi Listhaug.

Jon Georg Dale, Frank Sve, Sylvi Listhaug

Frank Sve seier at han er vand med å ta ansvar til det beste for partiet. Han viker plass til fordel for Sylvi Listhaug.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Frp sette Frank Sve på toppen av lista, og innvandringsminister Sylvi Listhag på andre plass. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk tredjeplassen på lista.

Sve sa tidlegare at berre førsteplassen var aktuell, medan statsrådane Listhaug og Dale under eit besøk på Sunnmøre tidlegare i månaden varsla at dei ikkje godtok å stå på andre og tredjeplass.

Sylvi Listhaug åpner Regjeringen sin nasjonale integreringskonferanse.

Sylvi Listhaug seglar truleg opp som ny listetopp etter at Fre har trekt seg.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

I dag blei det kjent at Frank Sve trekkjer seg, ikkje berre som listetopp, men frå lista.

– Prosessen utvikla seg feil

Det skal vere parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik som har mekla fram løysinga.

Sve seier at han på ingen måte har blitt pressa til å trekkje seg, men har i samtalar med Listhaug og Dale kome fram til at dette er til beste for partiet.

– Prosessen i Møre og Romsdal har utvikla seg feil, og når eg no gir frå meg førsteplassen er det fordi et alltid set partiet først, seier Sve. Den samtalen vi har hatt no burde vi hatt for lenge sidan.

Han lovar å støtte det han kallar «to knallgode statsrådar» gjennom valkampen. Han vedgår at han ønskte seg ein stortingsplass, men stiller seg framleis til disposisjon for vidare politisk arbeid i partiet.

– Eg hadde vel ikkje stilt på lista viss eg hadde visst at Sylvi Listhaug ønskte ein sikker plass, seier Sve.

Partiet først

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale blir truleg andrekandidat.

Foto: Erik Waage

Listhaug seier tonen mellom dei tre har vore, og framleis er, god.

– Eg har alltid snakka godt med Sve, og no har vi fått snakka ut igjen. Vi skal saman jobbe for partiet, og Sve har vore og kjem til å bli ein viktig mann for partiet, seier Listhaug.

Ho synest det er storsinna av Sve å trekkje seg, ikkje minst fordi han hadde hatt store sjansar til ein stortingsplass. Listhaug avviser at Sve har blitt pressa, og ser fram til eit vidare samarbeid.

Landbruksminister Jon Georg Dale rykker etter dagens avklaring dermed også opp ein plass.

– Dette viser at partiet har mange gode kandidatar. Det viser og at Sve er ein politikar som har partiet som førsteprioritet, seier Dale.

Tidlegare har stortingsrepresentant Oscar Grimstad trekt seg frå lista til fordel for Listhaug.

Stig Rune Andreassen

Stig Rune Andreassen er leiar i nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Frp.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det var ein samrøystes nominasjonskomite som stod bak forslaget om Sve på topp, men eit endeleg forslag blir lagt fram 19.november, og nominasjonsmøtet er 04.februar.

– Eg tar avgjerda i dag til vitande, seier leiar i nominasjonskomiteen, Stig Rune Andreassen.

Han vil elles ikkje kommentere at rekkefølgjen er endra, fordi det kan påverke arbeidet til komiteen. Han seier likevel at Listhaug og Dale er to av dei beste representantane Frp har.

– Korleis grasrota i partiet vil reagere og kva komiteen kjem fram til veit eg ikkje, seier Andreassen.