Hopp til innhold

– Dette valet kan vi ikkje ta lett på

PENNSYLVANIA/ÅLESUND (NRK.NO): Moldensaren Steinar Birkeland og professor Frank Aarebrot følgjer innspurten i den amerikanske presidentvalkampen på nært hald. Aarebrot karakteriserer presidentvalet som det viktigaste valet i den vestlege verda.

Steinar Birkeland og Frank Aarebrot

Frank Aarebrot og Stgeinar Birkeland i god driv på motorveg 70 fredag morgon lokal tid.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Dette er Frank Aarebrot sin «roadtrip» gjennom det amerikanske landskapet, og ikkje minst gjennom det folkelege politiske landskapet i USA, på strekninga frå Chicago til New York.

Kvar dag kan du sjå nye episodar med folk dei møter i byar, småbyar og langs motorvegen.

Professor Frank Aarebrot

Når klokka er på formiddagstid i Noreg er det tidleg morgon nordaust i USA. Morgonsola ligg lågt når Frank Aarebrot, Steinar Birkeland, Thomas Hellum og Jon Ståle Carlsen køyrer på motorveg 70 fredag morgon lokal tid. Dei har nettopp vore innom ein flik av West Virginia og kryssar grensa inn til Pennsylvania.

– Valet kan få følgjer for Noreg

Moldensaren Steinar Birkeland er sjåfør. Frank Aarebrot sit i passasjersetet. Bak sit fotograf og teknikar Thomas Hellum og Jon Ståle Carlsen. Frank Aarebrot har sett det amerikanske presidentvalet på nært hald både i 2008 og i 2012.

– Det er spennande å vere der det skjer. Dette er det viktigaste valet i den vestlege verda. Då er det viktig å forstå dette valet. Det er eit val som kan få følgjer for Noreg. Dette spennande valet skal vi ikkje ta lett på, seier Frank Aarebrot.

Torsdag var teamet i Marion i Ohio. Dagen før, på onsdag, var dei i Ann Arbour i Michigan, der Frank Aarebrot jobba på universitetet i 1973. Tysdag var dei på landsbygda sør for Chicaco og besøkte slektningane til Frank Aarebrot.

– Søskenbarnet Ruby bakar norske lefser til nærbutikken. Og alle snakkar norsk, fortel Steinar Birkeland oppglødd.

Frank Aarebrot og Steinar Birkeland

På vegen mellom West Virginia og Pennsylvania blei det tid til ei lita kaffipause også.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Roadtrip

Programserien er Frank Aarebrot og Steinar Birkeland tur frå Chicago til New York.

– Frank hadde så lyst til å ha ein roadtrip på denne ruta. Under vegs stoppar vi på store plassar og småstader. Vi treff både slekt, gamle kollegaer og vi snakkar med amerikanske veljarar. Slik skaffar vi oss inntrykk frå den siste runden av valkampen, fortel Birkeland.

Teamet skal vere framme i New York til tysdag, den store valdagen. Då skal Frank Aarebrot vere med i ei stor sending på NRK i samband med presidentvalet. I mellomtida legg gjengen i bilen ut daglege episodar i nettspelaren til nrk.no. Episoden som blir lagt ut i dag fredag skildrar det dei opplevde torsdag.

– I dag går ferda til Johnstown, i rustbeltet med mykje nedlagd industri. Der er folk desillusjonerte fordi dei er arbeidslause. Desse stemmer på Trump. Og vi må finne ut kvifor dei i all verda gjer det, seier Steinar Birkeland.

Studentersamfunnet i Bergen og NRK inviterer til ny direktesendt forelesningskveld. Mens Hillary Clinton og Donald Trump kjemper siste runde i kampen om å bli verdens mektigste person, går professor Frank Aarebrot på scenen med et foredrag fra hele den amerikanske presidenthistorien. Fra George Washington i 1789 til i dag. 43 presidenter på 227 år, fortalt på 227 minutter.

– Er verbale og godt orienterte

Frank Aarebrot har for få dagar sidan gjennomført stuntet «USA-valet: 227 år på 227 år». I serien som går på nettet no går han på pub, fyller bensin og reiser rundt for å snakke med folk om deira tankane deira før valdagen.

– Dei amerikanske veljarane er veldig lettvinte intervjuobjekt. Dei er veldig verbale og dei kan relativt mykje, sjølv om dei ikkje kan så mykje om europa, historie og geografi. Dei er godt orienterte om si eiga grunnlov og korleis systemet fungerer. Dette gjeld både Hillary- og trump-veljarar.

Frank Aarebrot har med stor interesse studert om amerikanarane sjølve har endra seg som følgje av endringane i sjølve valkampen. Med Donald Trump som presidentkandidat har vi opplevd den skitnaste valkampen i moderne tid. Men amerikanarane sjølve fører valkampen på venskapleg nivå, seier han.

– Det som slår meg er at både demokratar og republikanarar i småbyane er vener med kvarandre, sjølv om vi har hatt ein skiten valkamp. Dei ertar kvarandre litt, men stemninga blant veljarane er meir avslappa enn det stemninga blant politikarane skulle tilseie.