Hopp til innhold

Framtida til Njord-plattforma blir avgjort no

Nybygg eller oppgradering. I løpet av våren skal Statoil bestemme kva som skal skje med Njord-plattforma på Njord-feltet.

Njord A pg Floatel Superior

I løpet av våren skal Statoil bestemme kva som skal skje med Njord-plattforma på Njord-feltet.

Foto: Equinor

Innan kort tid kjem ei avgjerd på kva som skal skje med Njordplattforma og lagerskipet som ligg ute i Norskehavet. Det er snakk om oppgradering eller nybygg, seier Morten Eek som er pressetalsmann i Statoil.

Plattformen skal ut av drift til sommaren.

– Akkurat no er det mest sannsynleg at det går mot ei oppgradering av den noverande plattforma, slik at ho kan gjerast klar for mange nye år med boring og produksjon på Njord-feltet, seier Eek.

Nå produksjonen stenges i løpet av våren, blir både plattforma og lagerskipet tatt inn til land. Det kan betyr mykje arbeid og aktivitet på Vestbase i Kristiansund, fortel administrerande direktør ved Vestbase, Alf Dahl.

Vil bety svært mykje for oss

Njord-feltet
Foto: NRK

– I den situasjon som Vestbase er i no, vil ein slik aktivitet på Njord-plattforma bety ganske mykje for oss. Det å ta Njord til land er ein betydelig marine-operasjon for Statoil, og det vil involvere fleire aktørar på mange nivå, seier Dahl.

Det er framleis uklart kven som får oppdraget med å handtere den store plattforma. Derfor er det stor spaning i næringa.

– Sjølv om vi i dag ikkje kjenner til oppdraget sitt omfang, eller har kunnskap om konkrete kontraker, er det mange som følger med og er nyskjerrige på kva dette kan få av betyding for bedrifter langs kysten, sier Dahl.