NRK Meny
Normal

Framskundar Oppdølstunnel to år

Samferdselsministeren opphevar tidsplanen som gjeld Oppdølsstranda i Norsk Transportplan. Tunnelen skal byggast så fort det er praktisk mogleg.

Liv Signe Navarsete
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Bakgrunnen er dei tre store steinrasa som har gått på strekninga siste året. Ein person blei hardt skadd i raset i august 2008.

Så fort som praktisk mogleg

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete seier til NRK Møre og Romsdal at tunnelen må ferdigstillast så fort som råd.

- Eg har gitt Statens vegvesen beskjed om å ha fullt trykk på utbygging av tunnel på Oppdølsstranda. Vi skal få ferdigstilt tunnelen så fort det er praktisk mogleg. Avgrensingane som ligg i første og andre periode av Norsk transportplan skal vi sjå vekk frå. No gjeld det å få vegen ferdig så raskt som mogleg. Det betyr at tunnelen blir ferdig to år før tida, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Storras på Oppdølsstranda

Steinblokker store som biler

600 millionar kroner

Utbygging av tunnel forbi den rasfarlege strekninga kostar 600 millionar kroner. I Nasjonal Transportplan er desse pengane fordelt over ein lang periode. No slepp vegvesenet å vente på pengane. Det er berre å setje i gang og halde oppe arbeidet i høgt tempo.

- I praksis betyr dette at pengane kjem i første periode av Norsk transportplan, seier Liv Signe Navarsete. Eg har fått tilbakemelding frå Statens vegvesen om at dette er mogleg å gjennomføre i praksis, seier ho.

Video nsps_upload_2009_6_18_13_44_27_1439.jpg

200 hadde møtt fram til folkemøtet om følgjene av steinskreda på Oppdølsstranda onsdag kveld.

Planlegginga i gang

Statens vegvesen er i full gang med siste runde av planlegginga av tunnelane. - Det viktige i dag er at vi har fått beskjed frå Statens vegvesen om at det er mogleg å intensivere arbeidet. Arbeidet blir framskunda. Alt etter korleis arbeidet blir organisert, kan ein framskunde heile arbeidet fram i den første perioden i NTP, seier Navarsete.

Skjønar folket

Liv Signe Navarsete har sjølv sett fjelltilhøva på Oppdølsstranda, og kjenner til det som hende då ein person blei hardt skadd i raset i august 2008.

- Eg forstår at folk er urolege. Eg har vore på Oppdølsstranda. Eg har snakka med folk der. Når det har gått 3 ras på kort tid så gjer det at vi må stille med dei pengane som skal til slik at vegen blir ferdig så fort som råd.

Alvorleg situasjon

Liv Signe Navarsete karakteriserer situasjonen på Oppdøsstranda som særs alvorleg.

- Dette er ein alvorleg situasjon. Det har gått tre ras på kort tid. Vi har ein god dialog med NVE som skal gjere risikoanalyse. Vurderingane skal vere klare tidleg neste veke. Då veit vi også meir om kor lenge vi må halde vegen på Oppdølsstranda stengd, seier Navarsete.

Vil køyre rasvegen

Folkemøte om Oppdølsstranda

Bussjåførar redd rasstrekning

Geologar på veg opp fjellsida