Engel i snøen. Cecilie Skog er framme på Sydpolen. Foto: www.cecilieskog.com
Med seg til Sydpolen har ho sambuaren Rolf Bae og ålesundaren Per-Henry Borch. Også tre tyskarar er med i ekspedisjonen, og turen har teke 36 dagar.
Fantastisk skitur
- Vi har hatt ein fantastisk skitur, seier Cecilie Skog på telefon frå Sydpolen. Vi har gått omlag 900 kilometer i ei ny rute og det har vore heilt nydeleg.
Skog fortel at alt har gått bra utan store uhell på den omlag 900 kilometer lange ruta, som ingen andre har gått tidlegare.
Gnagsår
- Vi har hatt veldig lite problem, vi har hatt nokre gnagsår
og litt vondt her og der, men alt har gått kjempefint. Det har vore litt store snøskavlar innimellom og nokre store bresprekkar, men alt har gått kjempefint.
Ny rute
Cecilie Skog fortel at det har vore svært spennande å følgje den nye ruta. - Vi har jo ikkje visst korleis det har sett ut framfor oss. Vi har gått rundt ein isstraum, og der har det vore mykje store formasjonar og uro i terrenget. Eg trur denne ruta kjem til å bli brukt også av andre seinare, seier ho.
Cecilie Skog, Per Henry Borch og Rolf Bae er komne fram til Sydpolen. Foto: www.ceciliskog.com