Hopp til innhold

Framleis vasslaust i Skodje

Skodje kommune jobbar framleis med å få vassforsyninga tilbake til alle abonnentane i kommunen.

Springvann

Skodje kommune jobbar framleis med å få tilbake vassforsyninga til alle abonnentane i kommunen.

Foto: Scanpix

Vatnet forsvann då entreprenøren som bygger ut vassforsyninga i Skodje, grov over hovudleidningen ved Storsætra fredag ettermiddag.

Der resulterte i at bassenga gjekk tomme, og alle abonnentane som var knytt til Skodje vassverk, mista vatnet.

Avgrens bruken

På nettsidene sine skriv Skodje kommune at vassforsyninga enno ikkje er oppe og går.

– Høgdebassenget på Valle er tomt, og Håhjem/Valle/Glomset får no vatn direkte frå Skodje.

Kommunen ber abonnentane om å ikkje bruke meir vatn enn nødvendig.

Vanskeleg arbeid

Arbeidet med å løyse vassmangelen har ikkje vore uproblematisk.

– Fleire følgefeil har oppstått, og store snømengder gjer arbeidet vanskeleg, sa kommunen til NRK søndag.

Krevjande situasjon

Ein av dei som fekk oppleve vassmangelen denne helga var Skodje omsorgssenter. Dei har no fått tilbake vatnet, men må framleis koke drikkevatnet.

– Det var ganske travelt i går. Brannvesenet kom med store dunkar med vatn, og det blei jobba på spreng for bere vatn til dei stadane der det var behov, seier einingsleiar, Erna Kverneng Knudsen.

– Vi måtte hente vatn både til toaletta, vask og middagen, så det var utfordrande, men dei tilsette skal ha ros for innsatsen dei gjorde, seier ho.