Hopp til innhold

Framleis underskot

Helse Møre og Romsdal dreiv med underskot i forhold til resultatkravet også i september. Nye tal viser at underskot på 4,3 millionar kroner.

Føretaket er i ferd med å gjennomføre sparetiltak for 85 millionar. Administrerande direktør Nils Kvernmo skriv i rapporten at kvart spareprosjekt som blir forseinka kjem til å forverre situasjonen fram mot årsskiftet.

Helse Møre og Romsdal går mot eit underskot på 80 millionar kroner ved årsskiftet. Dermed er situasjonen noko betre for føretaket. Sist månad låg det an til eit underskot på 88,2 millionar kroner.

Helse Møre og Romsdal
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL