Hopp til innhold

Framleis uavklart for Riise

Leiinga i AaFK diskuterer framleis kva dei vil gjere i Riise-saka. Onsdag gjekk Norges Fotballforbund og Norsk Toppfotball ut og anbefalte AaFK til å ikkje å skrive kontrakt med John Arne Riise.

John Arne Riise

Det blir truleg ingen retur til norsk eliteserie for John Arne Riise denne sesongen.

Foto: Yiannis Kourtoglou / Afp

Hovudpersonen sjølv har så langt ikkje kommentert saka, men onsdag kveld skriv Riise følgjande på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Dermed kan det sjå ut som om Riise sjølv ikkje har gitt opp håpet.

AaFK i tenkeboksen

Norges Fotballforbund (NFF) og Norsk Toppfotball (NTF) kom tidlegare i dag med ei anbefaling til AaFK om ikkje å hente John Arne Riise til klubben. Det skjedde etter at dei hadde bestilt ei ekstern uavhengig juridisk betraktning av saka.

Henrik Hoff

Leiinga i AaFK vurderer framleis kva dei skal gjere i Riise-saka.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Dermed er det opp til AaFK å avgjere kva dei ønsker å gjere i saka. Onsdag kveld sit klubben framleis i tenkeboksen.

Klubbdirektør Henrik Hoff i Aalesunds Fotballklubb seier til NRK at klubben ikkje har bestemt seg for kva dei skal gjere, men at klubben sine eigne advokatar skal gå gjennom den juridiske betraktninga frå fotballforbundet. Det er uklart kor lang tid dette vil ta.

Riise har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar så langt i dag, men er tydelegvis frustrert over situasjonen. Tidlegare i dag skreiv han følgande på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Også i går brukte Riise Twitter for å uttrykke frustrasjonen sin.

Kan ikkje spele for avtalen er avslutta

For i går blei det klart at Betsson har frigjort Riise frå avtalen sin med spelselskapet, men at dei framleis ønsker å vise fire allereie ferdigproduserte videoar med fotballspelaren i vår og sommar. I betraktninga frå Norges Fotballforbund (NFF) og Norsk Toppfotball (NTF) går det fram at dei ikkje anbefaler AaFK å skriv kontrakt med Riise før reklamefilmane med Betsson er sendt.

– Avsluttinga av avtalen hans med eit utanlandsk bettingselskap blei svært positivt mottatt av alle partar. Det viser seg derimot at John Arne Riise skal vere frontfigur for spelselskapet i fleire reklamefilmar i fleire veker framover. Dette er slik vi vurderer det ikkje forenlig med spel i Tippeligaen.

I går kveld hadde også NTF, NFF og Aalesunds FK eit telefonmøte der det blei diskutert korleis dei saman kan sikre at John Arne Riise kan spele i Tippeligaen. Tidlegare i dag var også NFF, Norsk Toppfotball (NTF), utøvarane sitt fagforbund (NISO) og Betsson samla til eit forhandlingsmøte for å diskutere saka.

Dermed ser det ikkje ut som det blir Tippeliga-spel på Riise denne våren ettersom Betsson truleg ikkje vil forkaste dei ferdigproduserte filmane.