Hopp til innhold

Framleis strid om Bergmo småkyrkje

Kampen om å berge Bergmo småkyrkje i Molde er ikkje over. Kyrkjelydsrådet vil selje kyrkja, men brukarane strir imot.

Bergmo småkirke

Bergmo er eit lokalt dugnadsprosjekt der brukarane har knytt sterke band til kyrkja dei siste 30 åra.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Brukarar av småkyrkja meiner det er eit ran frå nærmiljøet om kyrkja blir selt til Molde kommune og har kome med skarpe reaksjonar til kyrkjelyden i Bolsøy.

– Det er rimeleg sterke reaksjonar. Her vert det sett kjensler i sving og det har vi respekt for, seier leiar i Bolsøy menigshetsråd, Ole Rødal.

Mange eldre bur i nærområdet og kyrkja på Bergmo er ein samlingsstad for psykisk utviklingshemma og pensjonistforeininga sine medlemmer. Blant dei er engasjementet stort for å berge kyrkja.

– Det er naturleg i ein slik situasjon, men kyrkjelydsrådet vil prøve å sjå heile meinigheita samla og byggsituasjonen vår og kva vi treng for framtida, legg han til.

Kyrkjesenter på Røbekk

Ifølgje kyrkjeverje Hans Jakob Nes må kyrkja ofrast for å realisere planane om eit nytt kyrkjesenter på Røbekk, fire kilometer unna. Kyrkjelydsrådet vil tene 4,5 millionar kroner på salet, noko som vil finansiere eit nytt forsamlingshus.

– Dette handlar om strategiske val i meinigheita i Bolsøy, og ein trur at det er mogleg å ha eit tenleg bygg på Røbekk, som kan dekkje delar av området på Bergmo, seier han.

Avgjersle til hausten

Nærmiljøet mistar kyrkja si om ikkje kyrkjelydsrådet skiftar meining i løpet av sommaren. Ei endeleg avgjersle vert teken i august. Kyrkjelydsleiar Ole Røldal vil ikkje gje folk von om at dei endrar oppfatning om saka.

– Iallfall fram til no, så har kyrkjelydsrådet vore samrøystes i saka, seier leiaren.

Uansett lover kyrkjeverje Hans Jakob Nes at Bergmo småkyrkje ikkje vil avviklast med det same eit eventuelt sal er gjennomført.

– Sjølv om småkyrkja blir selt til kommunen i løpet av året, så er vi lovd å kunne disponere ho i iallfall 3–4 år, fram til eit nytt hus på Røbekk eventuelt står klart, seier han.

Paul Undheim

Høyr og sjå forsvarstalen til den pensjonerte prosten og soknepresten Paul Undheim.