Hopp til innhold

Framleis store rørsler

I går heva NVE farenivået ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma til oransje nivå. Vakthavande geolog Ingrid Skrede fortel at rørslene i fjellet er framleis store. – Rørslene har vore uendra. Hastigheita er rundt 15 cm i døgnet i øvre del, og mellom 2–5 cm i døgnet i nedre, seier Skrede.