Hopp til innhold

Framleis store rørsler

Det er framleis store rørsler i fjellpartiet Veslemannen i kveld. – No bevegar fjellet seg om lag 36 cm i døgnet i øvre del, og 5 cm i døgnet i nedre del, seier Ingrid Skrede, geolog i NVE. Sivilforsvaret har også meldt om steinsprang frå fjellet i ettermiddag.