Hopp til innhold

Framleis stor snøskredfare

Det er framleis stor snøskredfare i heile fylket denne helga. Det melder Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) på sine nettsider varsom.no. – Snøbyer gir varierande vêrforhold og usikker nysnøfordeling. Nysnøflak som legg seg over rimlag kan gi ustabil situasjon som krev gode vegval, åtvarar NVE.