Framleis stor fart i Veslemannen

I øvre del av det rasutsette fjellpartiet ved Mannen i Rauma var farta på rørslene vore på 40-50 centimeter rundt midnatt, men har avtatt noko utover natta. I nedre del seier geolog Lene Christensen at rørslene har vore til dels store. Det har gått fleire steinsprang i natt. Sjølv om det no er mindre nedbør i området, er det mykje snø på fjellet, og når den smeltar kan den også påverke rørslene i fjellet.