Hopp til innhold

Framleis stengt Eidsdal- Geiranger

Fylkesvegen mellom Eidsdal og Geiranger blir ikkje opna i dag. Det melder Statens vegvesen. Vegen blei stengt etter at det gjekk eit 100 meter breidt ras på staden seint onsdag kveld. Det er framleis fare for ras i området, og vegvesenet har difor ikkje kunne starte opprydding på staden.