NRK Meny

Framleis stengde vegar

På fylkesveg 653 er Eiksundtunnelen framleis stengd etter ei trafikkulykke måndag ettermiddag. Det same gjeld på fylkesveg 61 like før Sulesund ferjekai. Tove Anita Asp, operasjonsleiar i politiet, seier at det framleis blir jobba på begge ulykkesstadane. Ferjesambandet Hareid-Sulesund går via Solevågen. Det blir meldt om lange køar begge stader.