Hopp til innhold

Framleis raudt farenivå

Det blir framleis raudt farenivå ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma i Romsdal. Det melder NVE. Rørslene i fjellet er no mindre enn dei har vore i helga, men er framleis store. Det betyr framleis evakuering for dei 11 innbyggjarane.

Geolog Gustav Pless i NVE opprettheld farenivå raudt ved fjellet Mannen i Rauma, men trur ikkje det blir mykje rørsle komande døgn. Han trur farenivået går ned til gult i morgon.