Framleis raudt farenivå

Det blir også raudt farenivå ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma i Romsdal utover dagen. Hastigheita i øvre del av fjellet har auka. Det er dessutan meldt regn og mildvêr dei neste dagane. Det blir pressekonferanse om Mannen kl. 10.00.