Framleis problem med straumen

Det viser seg at mange kundar i Ålesund sentrum framleis ikkje har fått straumen tilbake. Fire nettstasjonar er enno utkopla. Montørane driv med feilsøking og sjekkar opp ein kabel, som er utilgjengeleg på grunn av gravearbeid.