Hopp til innhold

Framleis oransje farenivå

Det er framleis relativ store rørsler i det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen i Romsdalen. NVE opprettheld oransje farenivå, noko som er det nest øvste nivået før det blir sett i verk evakuering. Fjellmassane har flytta seg 3 centimeter i øvre delen og litt under 1 centimeter i den nedre det siste døgnet. Det er varsla litt nedbør i formiddag og store nedbørsmengder i natt. I byrjinga skal nedbøren kome som regn, deretter som snø.

Veslemannen og mannen
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix