Framleis oransje farenivå

Klokka 21.00 er det framleis oransje farenivå ved Mannen. Dersom farenivået blir oppjustert til raudt skjer det for sjuande gong. – Vi er klare dersom det skjer. Alle er sjølvsagt lei av situasjonen, først og fremst dei som bur under Mannen. Men vi har evakueringsbustader som står klar, så det hjelper litt på situasjonen, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.