Framleis nedgang i arbeidsløysa

Trenden med redusert arbeidsløyse held fram og ved utgangen av februar var det 300 færre arbeidsledige samanlikna med januar. Nedgangen har vart sidan januar i fjor. Også kommunar med høg arbeidsløyse, som Kristiansund, Hareid og Ulstein, har hatt nedgang siste månaden, viser tala frå Nav. Det er no vel 3 640 heilt utan arbeid i fylket.

NAV-logo
Foto: Else Jorunn Saga / NRK