Hopp til innhold

Framleis nattestengt over Drageskaret

Fylkesveg 61 over Drageskaret i Sande blir nattestengt i inntil to veker til. Arbeidet med å bytte stikkrenner skulle vere ferdig sist veke, men er forseinka. Desse røyra må bli skifta ut før det blir lagt ny asfalt og arbeidet let seg ikkje gjere med trafikk på vegen. Det er ikkje lokal omkøyring, men nødetatane kan passere.