Hopp til innhold

Framleis mykje overtid

Tilsette i Helse Møre og Romsdal hadde nesten 49 000 overtidstimar i juni og juli. I juni var det nesten 23 000 timar og det er over 1200 fleire timar enn i fjor. I juli jobba tilsette 26 000 timar overtid og det er 100 timar mindre enn juli i 2018. Ifølgje helseføretaket har dei hittil i år fått ned overtida med eit par tusen timar, men framleis er overtidsbruken svært høg.

Helse Møre og Romsdal
Foto: Remi Sagen