Framleis lovbrot i Bingsa

Etter avsløringar om lovbrot på avfallsanlegget Bingsa i Ålesund har arbeidstilsynet ført tilsyn med timelister og løn. I rapporten går det fram at anlegget framleis bryt reglane om vekentleg arbeidstid, vekentleg arbeidsfri, arbeidstid på søn- og helgedagar og reglane om overtidsarbeid. I rapporten kjem det fram at fleire har arbeidd meir enn 20 timar overtid i løpet av 7 dagar i enkeltveker, skriv Sunnmørsposten.