Framleis kritisk skadd

Ei kvinne i 40-åra frå Sunndalsøra er framleis kritisk skadd, etter trafikkulykka mellom ein motorsykkel og ein personbil i Øksendaltunnelen i Sunndal førre fredag. Ektemannen hennar, som er i 50-åra, har alvorlege skadar men er stabil, melder Helse Midt-Norge. Ein 25 år gammal mann omkom i ulykka.

Ulykke i Øksendalstunnelen
Foto: Tommy Fossum