Hopp til innhold

Framleis køar i sambandet Eidsdal-Linge

Bilistane må belage seg på at det enno ei stund kan vere lange køar ved ferjeleiet i Eidsdal. Det er enno uvisst når C-ferja kjem tilbake i drift att.

ferjekø i Eidsdal

Ferjekøen i Eidsdal går langs fylkesvegen i bygda.

Foto: Elisabeth Birkeland

Det er truleg feil på det elektriske anlegget om bord som gjer at bilferja Aukra fekk problem med manøvreringssystemet i 10-tida i føremiddag.

– Elektrikarar er om bord og prøver finne feilen, og få retta den. Men det er framleis usikkert når alt kjem på plass att, seier Bjørn Arild Sekkenes, operativ leiar i Fjord1.

Han fryktar at det kan ta tid før feilen er retta, og han seier bilistane må belage seg på køar utover ettermiddag.

Lang ferjekø i Eidsdal

Biletteørane til Fjord1 har nok å henge fingranei på ein travel ettermiddag midt i fellesferien.

Foto: Elisabeth Birkeland

– Erfaringane tilseier at det er på sein ettermiddag at trafikken er størst. Dermed blir det truleg enno fleire som må vente på skyss over fjorden, seier Sekkenes.

Det skal ikkje vere like lange køar på Linge-sida av fjorden.

Sentralt samband

Sambandet mellom Eidsdal og Linge er eit viktig element i Nasjonal Turistveg mellom Åndalsnes og Geiranger.

Ein stor del av trafikken er utanlandske turistar som besøker fjordstroka. Tusenvis av privatbil og turistbussar for inn- og utland nyttar sambandet kvart år.

Geiranger

Geiranger er målet for svært mange av dei som tek ferja mellom Linge og Eidsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Difor set Fjord1 inn ei tredje ferje på fjorden i månadane juni, juli og august.

– Det er synd at ekstraferja har fått problem, men vi vonar vi skal få retta opp att feilen så snart som mogleg, avsluttar Bjørn Arild Sekkenes.