Hopp til innhold

Framleis for mykje kjøt

Sauebønder i Møre og Romsdal blir med på å få ned overproduksjonen på sauekjøt ved å få ned slaktevekta.

leiar i MR sau- og geitealslag, Hilmar Kleppe

Leiaren i Møre og Romsdal Sau- og geitealslag, Hilmar Kleppe, sankar sauer aust i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei enorme lagera av lammekjøt er tømt, men framleis er det overproduksjon også inn i 2018, melder Nortura. Fylkesleiar i Sau- og geitealslaget, Hilmar Kleppe meiner problemet ikkje lenger er lammekjøt, men utfordring med å selje sauekjøt til forbrukarane. Sjølv er han

– Eg opplever at det er optimisme, seier Kleppe, som sjølv er sauebonde på Frei.

Han sankar sau og lam i Lundalen lengst aust i Molde. Der har dyra feita seg på utmarksbeite. Så spørs det om marknaden vil ha alt lamme- og sauekjøtet. For produksjonen er i største laget.

Lammekjøtt i kjøttdisk

Sau- og geitealslaget ønskjer eit stort og variert tilbod i butikkane.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Men viss du går tilbake berre eit år, så var det ikkje eit einaste tilbod på grillkjøt av lam. Einaste måten vi som produsentar kan få salsledda til å distrubuere det i butikkane er å peise på dei med kjøt.

Meiner fylkesleiaren i Sau- og geitealslaget. og seier at forbruket i Noreg er lite, og at undersøkingar viser at folk ønskjer tilgang på meir lammekjøt.

Lågare slaktevekt

Det har vore store lager av norsk lammekjøt, men desse lagera på over 3500 tonn er tømde. Mellom anna gjennom ei storstilt marknadsføring gjennom året.

Men Nortura varslag stort overskot i produksjonen også for neste år, og ber sauebøndene produsere mindre. Det gjer dei mellom anna ved å sanke tidleg og få ned slaktevekta.

Hilmar Kleppe, leiar i Sau- og geitealslag i Møre og Romsdal

Hilmar Kleppe lovar at det ikkje er gammalt sauekjøt som blir sendt ut på marknaden.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– For to år sidan fora vi opp dyra til 50 kilo, men i år skal vi prøve å levere på 40 kilo, fortel Kleppe.

Forbrukaren er kresen, og mange vil helst ha lam framfor sau. Men Kleppe har tru på godt sal også av sauekjøt.

– Det er truleg mange som ikkje har smakt sauekjøt, og der kan det ligge gastronomiske opplevingar, smiler Kleppe. Og vi har ikkje sauene til dei er ti år meir, så det er ikkje snakk om haugamle dyr.