Hopp til innhold

Framleis fare for storstreik

Ni timar på overtid er partane framleis ikkje einige. Eit brot i forhandlingane vil kunne setje verftsindustrien mellombels ut av spel.

Per Olav Heggem

Distriktssekretær i Fellesforbundet, Per Olav Heggem, er førebudd på streik.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ved midnatt gjekk meklingsfristen ut mellom Norsk Industri og Fellesforbundet.
Partane har mekla i 14 dagar, men fleire timar på overtid er det framleis ikkje klart om det vert streik eller ikkje.

– Gå på jobb, men følg med

– Vi ser på positivt på at dei framleis meklar. Det uttrykker ønskje om å kome fram til løysingar, seier sa Per Olav Heggem i Fellesforbundet i Møre og Romsdal til NRK 7-tida måndag morgon.

– Skal medlemmar vente til resultatet er klart eller gå på jobb som vanleg?

– Folk kan gå på jobb som vanleg. Men folk må følgje med på radio og anna for å finne ut kva som skjer framover, seier Heggem.

Rammar Møre og Romsdal hardast

Om det vert streik, er det verftsindustrien som vil bli hardast ramma. Om lag 1500 av Fellesforbundet sine medlemmar i 30 bedrifter kan bli tekne ut i streik.

– Vi har ein verftsindustri som er landsleiande. Vi har dei tonegivande bedrift som Vard, Kleven og Fiskarstrand. Vi tek ut også ut bedrifter som gjer underleveransar, forklarar Heggem.

Årets hovudoppgjeret blir rekna som spesielt vanskeleg, fordi spørsmålet om tariffesting av pensjonsordningane i privat sektor ligg på bordet. Vidare slit partane om å bli einige om arbeidstidsspørsmål. Oppgjeret vil setje standarden for andre tariffoppgjer utover våren.

På landsbasis legg 11 000 kvinner og menn i 120 bedrifter ned arbeidet onsdag, medan ytterlegare 6 000 kan bli tekne ut laurdag - så sant det vert streik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL