Framgang for KBK
Kristiansund Ballklub kan sjå tilbake på endå ein god sesong. Heilt sidan starten i 2004 har klubben hatt framgang. I årets sesong har dei til no sikra 43 poeng, tre poeng meir enn i fjor. Assistenttrenar Ole Olsen trur mykje av forklaringa ligg på det mellommenneskelege. – Christian Michelsen er veldig fotballsmart. I tillegg er han god med menneske, noko som kanskje er endå viktigare for å lukkast, seier han. Søndag møter dei Brann i sesongens siste bortekamp. Sjå meir i videoen under: