Hopp til innhold

Frakteskip beordra til kai etter mistanke om skipper-promille

Eit frakteskip blei natt til søndag beordra til kai ved Brattvåg i Haram etter mistanke om promille hos skipperen.

Frakteskip ved kai Brattvåg i Haram

Frakteskipet blei tatt med inn til kai i Brattvåg i Haram av politi og kystvakta natt til søndag.

Foto: Kristoffer Antonsen

Lena Romestrand

Politiadvokat Lena Romestrand ved Sunnmøre politidistrikt seier skipet får segle vidare når føraren kan dokumentere at han er edru. Det skjedde søndag klokka 13:00.

Foto: Politiet

Det 42 meter lange skipet er ifølgje skipsregisteret registrert i Moldova. Skipet låg til kai i Brattvåg fram til klokka 13:00 søndag ettermiddag. Då såg politiet det som sikkert at skipperen kunne gå vidare med båten.

– Vi har tatt skipsføraren sitt sertifikat, og dette beheld vi inntil han kan dokumentere at han er edru. Vi har førebels ikkje hatt nokon kontakt med han i dag, sa politiadvokat Lena Romestrand ved Sunnmøre politidistrikt søndag.

Ifølgje ein av dei tilsette på skipet, er det fem ombord, ein norsk skipper og fire polakkar.

– Uforeneleg med dagens krav om tryggleik

Skipssjef Odd Inge Haravik ved KV Njord seier det er svært sjeldan at dei bistår med slike operasjonar som dei gjorde sist natt.

Frakteskip ved kai Brattvåg i Haram

Frakteskipet låg ved kai i Brattvåg i Haram.

Foto: Kristoffer Antonsen

– Det er heldigvis unntaksvis og sjeldan at det dukkar opp slike episodar. Det er uforeineleg med dagens krav om tryggleik, seier Haravik. Han referer til at dei fleste reiarlag har nulltoleranse når det gjeld å ta med og bruke alkohol om bord i skipa.

Stansa av kystvakt og politi

Det var like etter midnatt frakteskipet på veg frå Ålesund til Nord-Noreg blei stansa av politiet, saman med kystvakta, nord for Brattvåg. Skipperen blei tatt med inn til utandingsprøve i Ålesund, og Lingås vil ikkje opplyse kven som tipsa om den moglege promillekøyringa.

– Dette er ikkje slikt som skjer kvar dag, for å seie det slik, seier operasjonsleiar Terje Lingås ved Sunnmøre politidistrikt.

60-åring frå Nord-Noreg

Skipperen er ifølgje politiet i 60-åra og frå Nord-Noreg. Lingås vil ikkje opplyse kven som eig eller disponerer skipet, men opplyser at eit firma frå Hordalands-området truleg har formidla oppdraget.

Frakteskipet er 42 meter langt.