Hopp til innhold

Frakta til St. Olavs med helikopter

Ein ung mann er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim etter å ha køyrd av vegen i Surnadal.

Helikopter Øygarden

Ein MC-førar er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim etter ei utforkøyring.

Foto: Silje Mari Malmedal Alden

Det var like før klokka 15.00 at politiet fekk melding om ei trafikkulukke i Surnadal.

– Ein ung MC-førar hadde køyrd av vegen i eit bustadfelt. På grunn av skadeomfanget blei han frakta til St. Olavs i Trondheim med helikopter, seier Styrkar Gagnat, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Det er så langt uklart kor alvorleg skadd mannen er eller kva som var årsaka til ulukka.

– Etter det vi veit skal det ikkje ha vore nokon andre involvert i ulukka, seier Gagnat.

Politiet er no i gang med undersøkingar på staden. Saka vil bli etterforska.