Hopp til innhold

Frakta til sjukehus etter ulykke

Politiet opplyser at det totalt var tre bilar involvert i trafikkulykka ved Holamyra i Malmefjorden. Seks personar er tatt hand om av ambulansepersonell. To av dei involverte er frakta til Molde sjukehus og tre personar blir sendt til legevakt. den siste skal vere uskadd. Det er så langt uklart kva som er årsaka til ulykka og politiet ber om at folk som har vore vitne til hendinga tek kontakt. Politiet opplyser at bilberging er på veg. Vegen blir stengt fram til køyretøya er fjerna.