Hopp til innhold

Frakta til sjukehus etter ras

Politiet seier dei har frakta ein mann til sjukehus etter raset i Øksendal. Raset skal ha gått på oppsida av fylkesveg 62. – Vi driv med trafikkregulering no. Så ventar vi på at ein entreprenør skal komme. Det er usikkert kor lenge vegen blir stengd, seier Arild Reite i politiet. Det var TV 2 som meldte det først.

Det har gått eit ras over fylkesveg 62 i Øksendal i Sunndal.