I Fræna er to personar pågripne etter ei politijakt i dag tidleg.
Dei to mennene frå distriktet er sikta for grovt tjuveri frå ei forretning i Eide, og for å ha stole ein bil. Det blei leita etter dei to mennene og den stolne bilen i eit par timar.
Bilen blei først funnen tom, og seinare blei dei to mennene i 20-åra pågripne.