Hopp til innhold

Fræna på verstinglista i valdeltaking

Sidan 1999 har Fræna vore blant kommunane i Møre og Romsdal med lågast valdeltaking under kommunevala.

Fræna

Fræna ligg heilt på botn blant kommunane i Møre og Romsdal når gjeld valdeltaking.

Foto: Trond Vestre / NRK

Valglogo

Høg valdeltaking blir ofte trekt fram som eit viktig politisk mål. Fræna ligg heilt på botn blant kommunane i Møre og Romsdal når gjeld valdeltaking.

Om ein månad er det val igjen, og interessa blant folk i Fræna er så som så.

– Nei, eg er ikkje så veldig interessert. Eg tenker ikkje så mykje over det eigentleg, seier ei kvinne.

– Nei, eg ser ikkje vitsen. Politikarane har store ord og lite handling. Ofte kan vi stemme for ein ting og så blir resultatet det motsette, seier ein annan.

Form for apati

I dei to siste kommunevala har Fræna hatt den lågaste valdeltakinga i Møre og Romsdal. I 2003 og 1999 hadde dei den tredje lågaste deltakinga.

Tove Henøen

Senterpartiet sin ordførarkandidat, Tove Henøen, synest den låge valdeltakinga er trist.

Foto: Trond Vestre / NRK
Kjell Lode

KrF-politikar og tidlegare ordførar Kjell Lode trur fleire år med dårleg økonomi tærer på interessa blant veljarane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er synd at det er slik, meiner Senterpartiet sin ordførarkandidat, Tove Henøen.

– Eg synest at det er forferdeleg trist. Eg meiner at det er utruleg viktig at innbyggarane engasjerer seg i lokalpolitikken. Det påverkar dei fleste her i Fræna, og difor er det viktig at innbyggarane er med og stemmer ved valet, seier ho.

Politikarane gir ulike forklaringar på kvifor det er så mange sofaveljarane i denne kommunen. KrF-politikar og tidlegare ordførar Kjell Lode trur fleire år med dårleg økonomi tærer på interessa blant veljarane.

– Det er kanskje snakk om ein form for apati. Veljarane har håp om at endringar skal skje, men så renner det ut i sand, og då er det ein svak økonomi som blir årsaka til at vi faktisk ikkje greier å få til noko som helst, seier han.

Årevis med krangling

Både politikarane og folk på gata peiker på eit anna problem i Fræna som kanskje ikkje lover så godt for valdeltakinga i årets val: Krangling og atter krangling politikarane i mellom.

Ingvar Hals

Ingvar Hals (H) håpar at det kan føre til eit større politisk engasjement blant innbyggarane i Fræna.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg må innrømme at det var ei oppleving å kome inn i eit styre som hadde så dårleg dynamikk mellom dei ulike fløyene, seier Ingvar Hals, Høgre sin nye ordførarkandidat i Fræna.

Han er ikkje den einaste nye politikaren som er på veg inn i lokalpolitikken i Fræna. Hals håpar at det kan føre til eit større politisk engasjement blant innbyggarane i Fræna.

– Eg håpar og trur at ein del nye fjes kan hjelpe til å betre valdeltakinga i år, seier han.

– Trur dykk at de klarar det då?

– Ja, eg håpar at ein blid frening kan gjere det, seier Hals lattermild.