NRK Meny
Normal

Frå VM-gull til NM-siger

Karsten Warholm tok sitt andre gull under friidretts-NM Sandnes søndag. Og tida var knallgod!

NM friidrett 2017.

Karsten Warholm tok sitt andre NM-gull på to dagar.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

For første gong vart det sprunge på under 50 sekund i eit NM på 400 meter hekk.

Han sprang på ei svært sterk tid, 48,74. Dette er ny meisterskapsrekord, og berre eit halvt sekund bak den norske rekorden han sette i Diamond League-finalen i Zürich.

Kan få kongepokalen

Warholm var to sekund føre nestemann i mål. Dette er ein så sterk prestasjon at mykje tyder på at det kan bli kongepokal til verdsmeisteren.

​Laurdag vann Warholm 400 meter flatt på 46,44. I dag sprang han spesialdistansen på hekk, i det som truleg var årets siste løp.

Niande august i år vart han verdsmeister på 400 m hekk.

– Eg og Alnes (Leif Olav, trenar) hadde ein prat på rommet i går. Vi kom fram til at dette var ein sesong som fortente å bli krona med kongepokal. No har eg iallfall prøvd å legge inn ein veldig god søknad, så får vi sjå, sa Warholm etter løpet.

– Du løp med kongepokalen i tankane?

– Eg gjorde det, sa Warholm til NTB.

Warholm har vunne kongepokalen i NM dei to siste åra, og la inn ein ny sterk søknad med hekkeløpet sitt søndag.

Warholm har vunnet kongepokalen i NM de to siste årene og la inn en veldig sterk søknad til å gjenta bedriften med gulldobbelen. Pokalen deles ut etter stevneslutt.

NM friidrett 2017.

Warholm var ein populær mann på stadion i Sandnes.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Gull og bronse til Dimna

Toralv Opsal frå Dimna tok bronsemedalje i løpet. Det blei også gull til Dimna på 1000 meter.

Warholm hadde eit fryktelig utgangspunkt før hans siste etappe, men verdsmeisteren fossa forbi samtlege konkurrentar og sikra gullet likevel. Dimna vant med 1.53,86. Sandnes tok sølvet, mens Moelven fekk bronsen.