Hopp til innhold

Reiste frå Spania til Tingvoll for å kjøpe ost

TINGVOLL (NRK): Blåmuggosten Kraftkar er kåra til verdas beste. No tryglar ostekjennarar verda rundt om å få kjøpe.

Enric Canut

Han har vore på telefon og e-post dagleg sidan desember for å prøve å sikre seg eit halvt tonn Kraftkar. Enric Canut blei ikkje mindre ivrig då han kom fram og fekk smake varene.

Foto: NRK

Det er mange lokale leverandørar som skulle vore i skoa til Tingvollost for tida. Kåringa av verdas beste ost har gjort Kraftkar så etterspurt at dei ikkje har sjanse til å levere. Ein av dei fremste osteekspertane i Spania har masa sidan desember om å få eit halvt tonn, og kom nyleg til Tingvoll.

Kjempegod, sukkar Enric Canut frå Barcelona i det han får ein smaksprøve i butikken til Tingvollost.

På lageret litt ost så langt ein kan sjå bortover hyllene. Men det er langt frå nok til alle som vil ha. Det veit Canut.

Solvor Waagen

Solvor Waagen seier dei behandlar ostane sine som små barn. Og no vil dei ikkje ha fleire å ha ansvar for.

Foto: NRK

Vi er jo glad i osten, vi steller jo med desse babyane, det er liksom borna våre, seier Solvor Waagen og klappar på ein av dei.

Les også:

Nektar å bli store

Produksjon av Kraftkar

Osteproduksjon inneber mykje handarbeid. Først for 13 år sidan oppdaga familien at blåmuggost kunne bli ein leveveg. Kor stor suksess dei kom til å få, ante dei sjølvsagt ikkje.

Foto: NRK

Tingvollost produserer ni tonn Kraftkar i året, 13 år etter starten av eventyret. Den sensasjonelle kåringa i november gjorde at familien bak kunne produsert langt meir, men det vil dei ikkje.

Kvar veke produserer dei om lag 250 ostar, kvar på knappe to kilo.

– Det er noko som heiter å vere lykkeleg som liten. Vi har eit mantra om at vi skal vere tilgjengeleg, men lykkelege. Vi er ikkje interessert i å vere så store, seier styreleiar Gunnar Waagen.

Les også:

Vil ta vare på gamle kundar

I det den spanske osteeksperten kjem til gards, veit meieristyrar Egil Smith-Meyer at han ikkje kan klare å oppfylle draumen til spanjolen. For dei faste kundane har forrang, når nye melder seg.

– Vi er jo utselde, så det spørst kor mykje vi klarer å avsjå. Vi har jo lyst å ta vare på moglegheitene, utan at det går på akkord med dei som vanlegvis kjøper osten vår, seier Smith-Meyer.

Reiser heim med åtte kilo

Osten Kraftkar frå Tingvollost

Kraftkar blei før jul kåra til verdas beste ost. Dermed feia han langt meir kjende ostar av banen på eit blunk.

Foto: NRK

Det endar med at han som helst skulle hatt med seg eit halvt tonn, må nøye seg med åtte kilo Kraftkar. No skal han tilbake til Spania, og servere muggosten frå Nordmøre i Noreg i eit land som er vide kjend for spekeskinker og ostar.

Enric Canut nølar ikkje med å prøve å forklare kvifor den norske spesialiteten er så god.

– Det er kvaliteten på mjølka, reinleiken, graset, kulden, snøen, kanskje dei lukkelege kyrne, seier han.

Les også: