Hopp til innhold

Frå offshore til oppkjøp

Ola Beinnes Fosse frå Molde har kopla seg på nye utfordringar etter nedturen i REM Offshore. 36-åringen er no etablert i Hunter Group, eit selskap som kjøper opp bedrifter.

Ola Beinnes Fosse

Ola Beinnes Fosse frå Molde, busett i Ulsteinvik, vekependlar til og frå Oslo der han arbeider i Hunter Group. Eit selskap som kjøper opp bedrifter.

Foto: Arne Flatin / NRK

Beinnes Fosse har allereie ein spennande karriere bak seg. Han har jobba i GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og vore kredittanalytikar i DnB Markets før han enda opp i REM Offshore i Fosnavåg i Herøy. Der vart det berre ein alt for kort periode etter at Solstad kjøpte opp REM.

Beinnes Fosse vedgår at han ikkje likte det som skjedde med REM og at han er glad for å vere tilbake med nye utfordringar.

Ja, kva er det som motiverer deg?

– Eg må innrømme at eg er eit konkurransemenneske, og eg må seie at eg føler litt på det som skjedde i REM. Sjølv om alle seier at det var uråd å føresjå og at eg ikkje kunne gjere noko med det, så har eg følt litt på det at eg har tapt.

Fusjon Rem og Solstad

Ola Beinnes Fosse (lengst frå kamera) var nestsjef i REM Offshore. Til venstre for han sit Åge Remøy under generalforsamlinga til REM i oktober 2016. Nærast sit advokaten til Olympic.

Foto: Arne Flatin

Eg har såpass sjølvinnsikt at når eg ser på meg sjølv i den situasjonen så om vi samanliknar med ein fotballkamp så hadde eg vore fullstendig klar over at eg hadde tapt. Så når eg tek denne nye utfordringa så er det jo det for å slå tilbake og få til noko nytt, og ikkje minst vere med på å starte opp eit selskap og bygge det frå botnen av. Det er veldig motiverande.

Kjøper opp selskap

Moldensaren er etablert med familie – på heimstaden til kona, nemleg i Ulsteinvik. No vekependlar han til og frå Oslo der Hunter Group held til.

– Vi er eit investeringsselskap som er børsnotert så vi har henta inn del kapital som vi skal bruke til å kjøpe opp selskap innanfor olje og offshoresektoren. Det gjeld selskap som ikkje er så tunge på eigardelsida og ikkje har så mykje "stål på balansen", men meir teknologidrivne selskap.

Det vi tilbyr er å skyte inn pengar for å hjelpe desse selskapa til å vekse og utvikle seg. Vi ønskjer ikkje å ta over bedriftene, men vil at eigarane skal vere med vidare

Ifølgje Beinnes Fosse er det lite av slike selskap i Møre og Romsdal. Dei ser både nasjonalt og internasjonalt, men Stavanger-området er det mest interessante, med mange oljeteknologiselskap.

Tilbake til Oslo

Beinnes Fosse ser for seg at familien kanskje flyttar tilbake til Oslo, der han kom frå, men då vert det utan familien som nettverk. Med eit lite barn er det absolutt noko som dei kjem til å merke. No vekependlar han og det er heller ikkje så bra.

– Nei, det er ikkje ideelt det med kone og ein liten gut så det er tøft på sin måte, men det er noko som må til akkurat no, og det er full forståing for det heime og blant våre vennar. Målet er sjølvsagt at vi skal vere ein A4-familie etter kvart.

Men inntil vidare held Beinnes Fosse fram med å pendle Ulsteinvik-Oslo. Om det vert langvarig eller kortvarig er han usikker på.

–Ved årsskiftet må vi gjere opp status for om dette er ein jobb for framtida eller ikkje. Eg håper det er noko vi får til, men ingenting er sikkert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL