NRK Meny
Normal

Frå nei til ja i flyktningsaka

I mange kommunar er det sterk motstand mot å ta imot flyktningar. På tolv år har ikkje Stranda kommune tatt imot ein einaste flyktning. No kan politikarane kome til å stille seg positive neste gong dei får saka på bordet.

I mange kommunar er det sterk motstand mot å ta imot flyktningar. På tolv år har ikkje Stranda kommune tatt imot ein einaste flyktning. Politikarane kan kome til å stille seg positive neste gong dei får saka på bordet

Sjå tv-saka: Stranda kommune har sagt nei til flyktningar dei siste tolv åra, men kan no kome til å snu.

  • Sjå tv-saka her.

Stranda var i fjor ein av 51 kommunar som sa nei til å busette flyktningar. Det har vore nei og atter nei i mange år her, men no kan det bli tommelen opp.

Dei store lidingane som båtflyktningar i Middelhavet går igjennom gjer sterkt inntrykk på alle. Minst 3500 båtflyktningar har mista livet på veg til Europa det siste året, ifølgje FNs høykommissær.

Den italienske kystvakta ventar over 100 000 flyktningar i 2015. Ein stor del av flyktningane har flyktar frå konflikten i Syria.

Ambisjonen om å auke inntaket av flyktningar til Noreg aukar presset på kommunane. Før sommaren må politikarane i Stranda ta stilling til førespurnad om å ta imot flyktningar.