Hopp til innhold

Frå jazz til jul

Jazzartisten Beate Slettevoll Lech nyt julefreden etter å ha turnert over heile landet med songar frå si første juleplate.

Beady Belle

Beate Slettevoll Lech frå Beady Belle nyt jula etter ei hektisk førjulstid med julealbum og juleturné.

Foto: Ann Iren Ødeby

Dei fleste kjenner Beate Slettevoll Lech som jazzdama i Beady Belle. No kan songaren frå Volda sjå tilbake på ei annleis førjulstid, der ho har sprengt rammene for tradisjonell julemusikk.

Høyr Beate Slettevoll Lech gjeste Nitimen 1.juledag

Jazza julebodskap

Vokalisten med forankring i jazzen bestemte seg for å gje ut ei annleis juleplate. I haust sang ho inn sitt første julealbum, «Høgtidsrom», saman med koret «SKRUK», og førjulstida har gått med på å glede det norske folk med dei oppjazza julesongane frå albumet.

No kan ho sjå tilbake på ein annleis og spanande desembermånad

– Det å sette i gang med å lage ei juleplate låg litt langt inne for meg, men då eg først bestemte meg fann eg ut at her skulle eg ikkje gå nokon snarvegar.

Allereie i januar i år sette ho seg ned for å skrive tekstar og arrangement for kor og band.

– Det har vore ei spennande reise, fortel jazzartisten.

– Det må buldre og skrape litt

Saman med koret «SKRUK», leia av Per Oddvar Hildre, endrar Beate Slettevoll Lech julemusikken på vakkert vis.

– Eg tenkte at når eg skulle gi ut julemusikk, så måtte eg putte inn litt motstand. Det må buldre og skrape litt, for då blir det vakkert på ein litt annan måte, fortel ho.

«Høgtidsrom» er ei uvanleg norsk juleplate, der vokalisten frå Beady Belle har jazza opp julemusikken og representerer høgtida sitt repertoar litt friare saman med sunnmørskoret. På grunn av at julemusikken er den musikken folk flest har eit forhold til, var det litt skummelt å røre ved den, synest ho.

– Mange tenkjer kanskje at det er den vakraste musikken du kan få. Det å utfordre noko som er veldig etablert er litt skummelt. Men det treng ikkje å vere farleg, for det vert ikkje borte sjølv om eg leikar meg litt.

Sangkoret SKRUK (Sunnmøre kristelige ungdomskor)

Sankoret «SKRUK» er med på juleplata til Beate Slettevoll Lech.

Foto: NRK

Det at Beate Slettevoll Lech og «SKRUK» har leika seg litt med julesongane våre, ser ikkje ut til å fornærme nokon. Plata har fått gode kritikkar, blant anna skreiv Aftenposten følgjande om julealbumet «Høgtidsrom»:

«Betagende vakkert lydbilde. En plate som smyger seg inn på deg og som til slutt fangar deg i sitt grep.»

Mormor på Rovde

Mormora til Beate Slettevoll Lech, Borghild Slettevoll frå Rovde i Vanylven, har ein spesiell plass i hjartet til jazzsongaren. Borghild gjekk bort i 2004, men ho har likevel ein spesiell plass også i juleplata «Høgtidsrom». Ein av songane på julealbumet er nemleg eit dikt frå mormora, som Beate Slettevoll Lech har sett tonar til.

Ho har mange gode minne frå mormora si og frå julefeiringane på Rovde.

– Vi var alltid veldig mange folk og vi hadde det veldig kjekt. Morfar var organist, så det var også mykje sang og musikk i jula.

Mykje sang og musikk har det vorte også denne jula, og Beate Slettevoll Lech er full av lovord om å ha brukt juletida på denne måten.

– Det har rett og slett vore ei ny og veldig kjekk oppleving for meg.