NRK Meny
Normal

Frå industrihall til festsal

Til dagleg er industrihallen til Shell på Vestbase i Kristiansund brukt som lagringsbase for utstyr til Ormen Lange. Torsdag blei hallen gjort om til ein festsal.

Frå industrihall til festsal.

Sjå korleis industrihallen forvandlar seg til ein festsal i løpet av eitt halvt minutt. FOTO: Heine Schølberg. REDIGERING: Eirik Haukenes/Roar Halten.

Torsdag kveld var det klart for storstilt festmiddag i industrihallen til Shell på Vestbase i Kristiansund. Arrangementet skjer i samband med «Operafestukene i Kristiansund», og ideen oppstod som følgje av ein mangel på store nok festlokale i byen.

– Det starta som ein vill idè som alle lo av, og så var det nokon som tenkte at det kanskje ikkje var ein så dum idè likevel, seier Kitty Eide, informasjonssjef i Shell.

Flyttar 200 tonn

Den tradisjonelle festmiddagen i industrihallen har no vore arrangert i ei årerekke og store krefter blir sett i sving for å gjere hallen klar for fest.

Kitty Eide

Kitty Eide talar frå scena.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fyrst må 200 tonn med utstyr flyttast, så er det klart for rigging av lys og scene, deretter vask og pynting. Det heile er eit resultat av grundig planlegging frå arrangøren si side.

– Alt er mogleg med litt planlegging. Planlegging og logistikk er trass alt område som vi arbeidar med til dagleg, seier Eide.

Heile arbeidet tek om lag ei veke, men mesteparten av arbeidet blir gjort i løpet av dei to siste dagane.

– Det er mykje arbeid, men vi har blitt ganske rutinerte opp igjennom åra. Det er kjekt for oss som jobbar her å sjå korleis hallen forhandlar seg, seier Eide.

Saka held fram etter bilete.

Operafest Kristiansund

Orkide-leiar Ingunn Golmen og ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, var blant dei mange som deltok på middagen torsdag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Blitt ein tradisjon

Om lag 250 personar deltok på middagen torsdag kveld. Til vanleg er området på Vestbase avsperra for offentlegheita, og det er steng kontroll for å sleppe inn på basen. Eide tykkjer det er kjekt å gi deltakarane eit innsyn i noko dei vanlegvis ikkje får oppleve.

Eide fortel at dei har fått gode tilbakemeldingar på arrangementet og at dei gjerne vil halde fram med festmiddagen i framtida.

– Vi tykkjer det er positivt at industrien kan vise seg fram i ein kulturell samanheng, så vi stiller så lenge vi ikkje har kritiske operasjonar som krev at vi nyttar hallen til det, seier Eide.

– Det har nesten blitt tradisjon, held ho fram.

Operafest Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK