Hopp til innhold

Frå eplehage til flyktningmarerittet i Syria

For tredje gong drar Randi Saure for å hjelpe born i flyktningleirane etter IS-herjingane og åtte års krig i Syria. Men håp om at alt vil ordne seg, tør ho ikkje gi borna.

Randi Saure frå Redd Barna i eplehagen i Volda

Eplehagen gir energi mellom oppdraga i flyktningleirane i Syria.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er store kontrastar mellom den frodige eplehagen til Randi Saure i Volda og det brunsvidde ørkenlandskapet ho møter i nordaust Syria. Der veks 20 000 barn i barnehagealder opp under tynne plasttelt i den støvete, overbefolka og berykta flyktningleiren Al Hol. Der Randi nettopp har vore i tre månader.

– Teltleiren rekk så langt augo når, og sjølvsagt lir dei minste borna mest, seier Randi Saure, som er barnevernspedagog og spesialist på vald og traumatisk stress hos born.

Kan ikkje gi håp

På same måte som ørkenen mangla tre og skugge for den brennheite sola, manglar gleda i augo til småtassane. Latter og leik er erstatta av redsle, apati og utmatting. Slik er det også for 27 000 andre born mellom fem og 12 år i flyktningleiren.

En russisk IS-kvinne og hennes barn

Underernærte, sjuke born er eit vanleg syn i flyktningleirane i Syria.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– At alt vil rette seg? Nei, det kan eg ikkje trøyste dei med. Vi kan ikkje gi barna håp som ikkje er råd å halde, seier Randi Saure der ho etter tre månader i Al Hol går mellom epletrea i hagen heime i Volda. Ho har eit par veker fri før igjen drar tilbake til Syria. Siste ni åra har ho i lengre og kortare periodar reist til krig, naud, hunger og katastrofar på fleire kontinent med eitt oppdrag; beskyttelse av barn i humanitære kriser. Redd Barna er ein av få hjelpeorganisasjonar i flyktningleirane i det krigsherja Syria.

Store utfordringar

Å hjelpe krigsskadde born kan verke overveldande, vedgår Randi, men nektar å gi opp.

– Men vi manglar ressursar, og hjelpa vår blir avgrensa. Likevel prøver vi å støtte dei kriseramma barna, og hindre at dei fysiske og psykiske plagene blir enno større, fortel ho.

Saman med den nasjonale delen av Redd Barna, jobbar Randi direkte i felten med å finne og oppsøkje dei mest sårbare borna, dei foreldrelause og verjelause. Så blir utfordringa å gjere sitt beste for å reparere liva til born i alle aldrar, frå babyar til 12 åringar. Dei driv også opplæring og rettleiing av ungdommar i leiren som kan gå inn i sosiale oppgåver.

Syria Al Hol Camp

Randi Saure seier utfordringa er å gjere sitt beste for å reparere liva til born i alle aldrar, frå babyar til 12 åringar.

Foto: OLAV A. SALTBONES / Røde Kors

Ho og kollegaene finn mange teikn på traume hos dei små. Det gjeld alt frå sengevæting og mareritt om natta til passivitet, gråt, aggresjon og håpløyse. Randi fortvilar over at dei ikkje klarer å femne alle, og særleg er ho uroa over manglande sjanse til å hjelpe borna mentalt etter alle påkjenningane. Ho gler seg likevel over at dei har fått etablert fleire trygge leikeområde for dei minste og nokre skular der dei får grunnleggande lese- og skriveopplæring.

– I tillegg bygg vi nettverk rundt foreldrelause born og større born som må ta seg av mindre søsken. Ved hjelp av det nasjonale teamet til Redd Barna etablerer vi eit fosterforeldre-system hos naboar i leiren. Fosterforeldra får ansvar for å følgje opp borna, etter innføring i korleis dei kan hjelpe til. Ikkje minst viktig er arbeidet med å oppspore foreldre og slekt til born som har kome bort frå familiane sine. Når det lukkast, opplever vi alle stor, stor glede.

En jente holder en gutt i armene sine i flyktnngleiren al-Hawl

Ei lita jente låner fanget sitt til ein liten gut i Al-Hawl-leiren

Foto: Christine Svendsen / NRK

Spent atmosfære

Fleire illevarslande rapportar siste tida fortel om spente forhold mellom dei 70 000 som bur i Al Hol-leiren. Ikkje minst i det avsperra området der 12 000 utanlandske, IS-tilknytte mødrer og barn er isolerte bak høge gjerde og tungt vakthald.

Saure stadfestar at tryggleikssituasjonen i leiren kan vere vanskeleg.

– Der finst dei som både er meir og mindre lojale til IS. Men vår rolle er å vere til stades og hjelpe dei mest sårbare borna. Det som er sikkert er at den desperate situasjonen born og mødrer er i på grunn av forholda dei lever under, gir grobotn for frustrasjon, seier Saure.

Ho registrerer også at det blir rapportert om radikalisering, men seier ho ikkje har belegg for å kommentere det vidare. – Men frustrasjonen til leirbefolkninga kan kome til uttrykk i ei vidare radikalisering, seier ho.

To kvinner i nikab og et barn i leiren Al Hol.
Foto: Christine Svendsen / NRK

Sjølv måtte ho ha tryggleiksklarering frå leir-administrasjonen og væpna vakt med seg kvar gong ho dei siste tre månadane var inn i leiren. Men redd var ho ikkje. – Nei, eg kjende meg beskytta av både administrasjonen og det nasjonale teamet til Redd Barna som alltid var med meg, seier ho.

No sit kvinner og born isolerte og fanga i leiren utan å vite kva som skjer vidare. – Får dei kome tilbake til heimlanda, kor lenge vil dette vare, blir det rettssaker, spør dei seg. Det er svært utmattande og gjer at mange mødrer ikkje klarer å gi borna nok omsorg.

– Må få kome heim

Ifølgje PST er mellom 30 og 40 av borna i Al Hol-leiren norske statsborgarar. Redd Barna har markert seg med sterkt krav om at desse må få kome heim i lag med mødrene sine.

– Utan heimsending saman med mor, straffar Noreg borna. Det er då ikkje borna sin feil at dei har hamna i ein så fortvilt situasjon. Alle fagfolk veit at det er svært, svært skadeleg for born i krise å bli skilt frå mor eller annan nær omsorgsperson. Når dei fattige kurdarane tek ansvar for 70 000 berre i denne leiren, må Noreg ha råd og ressursar til å ta ansvar for langt under 100! Så får det vere opp til norsk og internasjonalt lovverk og straffedomstolar, å bestemme kva som skal skje med mødrene.

En gutt i leiren al-Hawl i Syria blir holdt av sin mor

Barneaugo ser meir enn dei skulle i flyktningleirane i Syria.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Men mødrene har jo tatt svært dårleg val i liva sine, og ført borna inn i elendet. Bør det ikkje svi at dei slutta seg til terrororganisasjonen IS?

– Det kan ikkje Redd Barna ta stilling til. Vår oppgåve og vårt fokus er alltid, alltid bornas beste, svarar Randi, og gir honnør til biskopar og 20 tidlegare topp-politikarar som har kravd retur for mødrer og born. – Dei forstår alvoret og set fokus på den humanitære situasjonen i staden for det politiske spelet rundt det heile, meiner hjelpearbeidaren.

Randi Saure og einslege born leir i Etiopia

Randi hjelper born med krigs- traume i fleire land. Her frå grenseområda mellom Somalia og Etiopia.

Foto: Inge Lie / Redd Barna

No er Randi Saure er på veg til to andre flyktningleirar nordaust i Syria for å hjelpe fleire utsette born. Snart erstattar vinter og kuldegrader den steikande sommarvarmen på jamt over 40 grader. Det ligg an til nok ein tøff vinter for smårollingane under plasttelta i den syriske ørkenen. Men håp om at alt vil ordne seg, tør ho ikkje gi borna.