NRK Meny
Normal

Frå diplomat til Stranda-rådmann

Kommunestyret i Stranda har samrøystes tilsett Per Ivar Lied som ny rådmann i kommunen.

Stranda Rådhus

Jobben som Stranda-rådmann har stått ledig i lenger tid. No er det klart at Per Ivar Lied tek over for Ann Kristin Langeland. Over ser ein rådhuset i Stranda kommune.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Lied er i dag tilsett ved den norske ambassaden i Warszawa i Polen, og var éin av i alt sju søkarar til stillinga.

Kjartan Lied har vore konstituert rådmann i stranda sidan Ann Kristin Langeland slutta for om lag tre månader sidan.

Langeland tok seinare over som rådmann i Hornindal i Sogn og Fjordane.

Viktig at rådmannen er der for budsjettprosess

Ordførar i Stranda kommune, Jan-Ove Tryggestad, seier til NRK at det har vore ein vanleg tilsetjingsprosess.

– Vi hadde intervju og utsiling av kandidatar. Til slutt landa vi altså på Per Ivar Lied.

Tryggestad håper å ha den nye rådmannen på plass i Stranda rådhus om lag 1. september.

– Det har med oppseiingstid og ferieavvikling. Men det er viktig at den nye rådmannen er på plass, slik at han kan bli med i budsjettprosessen, seier Tryggestad.