Hopp til innhold

Frå dåp til permitteringar

I dag blei det gigantiske offshorefartøyet Normand Maximus døypt ved Vard i Brattvåg.
Skipet er det største som nokon gang er levert frå eit norsk verft. Men etter ferien er ordreboka tom.

Vard Brattvåg

Båtdåp og fest blir avløyst av permitteringar ved Vard Brattvåg.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

I dag var det fest og hornmusikk i Brattvåg. Dåpen av offshorefartøyet Normand Maximus er det siste som skjer ved verftet på lang tid.

Vard Brattvåg dåp

Fredag var det dåp ved Vard i Brattvåg. Etter ferien ventar permitteringar for dei tilsette.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Det er Vard som har utvikla skipet for reiarlaget Solstad. Fartøyet er det største som nokon gong har blitt utrusta ved eit norsk verft.

– Det er stor merksemd rundt denne båten. Fartøyet er banebrytande på mange måtar og det er klart at både vi og Solstad er stolt. Den betyr mykje for omdømmet til Vard at ein kan bygge slike komplekse skip, seier Fredrik Hessen, verftsdirektør i Vard Brattvåg.

Lite arbeid utover hausten

Skipet er 180 meter lag, 33 meter breiddt, og løftetårnet ruver 55 meter over dekket. Teknologien er den fremste i verda på dette området. Men det hjelper lite for dei rundt 150 fast tilsette ved verftet i Brattvåg.

Fredrik Hessen

Fredrik Hessen, verftsdirektør i Vard Brattvåg, fortel at dei har lite arbeid til hausten.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK
Geir Pedersen
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Etter festen i kveld er det ferie for dei tilsette, og deretter permitteringar.

– Det er dessverre slik at når denne båten går så har vi ikkje meir arbeid før i januar 2017. Då kjem det eit nytt skrog frå Romania. Difor må vi dessverre sjå på permitteringar medan vi ventar på dei nye skroga, seier Hessen.

Årets sommarferie kan dermed bli svært lang for mange av dei faste tilsette som i dag avslutta ein sju månader lang intensiv byggeperiode. Men trass permitteringar, råder optimismen ved verftet i Brattvåg.

– Bygginga av dette fartøyet har vore eit kjempestort prosjekt. Vi har bygd ein svært stor båt på veldig kort tid, så dei fleste er vell innstilt på å ta det litt meir med ro det neste halvåret, seier Geir Pedersen, tillitsvalt i Fellesforbundet.

– Og så vil vi vere klar til kamp igjen i januar når dei neste to skroga kjem, held han fram.