Frå asfalt og bylarm til dramatikk og balansekunst på bygda

TINGVOLL (NRK): Byfolk strøymer ut på bygdene for å oppleve natur og dyreliv.

Tingvoll Økopark, geita Helge

SUPERSTAR: Alle flokkar seg rundt geita Helge i Tingvoll Økopark.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sommaren 2020 er det mange norske familiar som er på ferie i eige land. Fleire av parkane som har dyr å vise fram opplever ein svært god sesong.

Geita Helge er den store stjerna. Publikumsmagneten i Tingvoll Økopark på Nordmøre hoppar opp på eit bord, går opp på to bein og balanserer. Barna måper.

Tingvoll Økopark

AVANSERT: I løpet av eit tidels sekund hoppar geita ut i lufta.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Geita heiter Helge, seier Jakob Woelfert til alle barna som ser på. Han er dyredressør og omvisar.

Geita ser ut til å kunne gjere kva som helst, berre det er mat å få.

Tingvoll Økopark

BYFOLK PÅ BYGDA: Idyllen rår når Philip og Gabriel frå Oslo møter dyra i Tingvoll Økopark. Mora Marie Ostnes er glad for at barna får vere så nær lam og sauer.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil at barna skal få møte dyr

Full parkering ved Kristiansand Dyrepark

DYR ER POPULÆRT: Det er full parkeringsplass ved Dyreparken i Kristiansand også i år, men koronaen har skapt utfordringar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Norske reiselivsaktørar med dyr i parkane sine har opplevd stor tilstrøyming denne sommaren. Ved Kristiansand Dyrepark på Sørlandet er etterspurnaden større enn i fjor, men av koronaomsyn må dei avgrense talet på gjestar.

Kommersiell direktør Morten Skraastad seier til NRK at mange foreldre er opptatt av at barna skal få lære meir om forskjellige dyreartar.

Brunbjørnen Odin i Namsskogan Familiepark iTrøndelag.

NORSK ATTRAKSJON: Mange vil sjå brunbjørnen Odin i Namsskogan Familiepark i Trøndelag.

Foto: Kristin Smestad / Namsskogan Familiepark

I Namsskogan Familiepark i Trøndelag har dei norske og nordiske dyr. Dagleg leiar Sarah Wyss opplyser at dei har nådd grensa på 1600 besøkande fleire dagar på rad denne sommaren.

– Det å sjå dyr og å møte dyr på nært hald ser ikkje ut til å gå av moten, seier ho.

Litt vel mykje action

I økoparken i Tingvoll har dei mange forskjellige dyr. Nokre av dei er veldig leikne, og det får barna verkeleg erfare – på godt og vondt.

Femåringen Philip Ostnes frå Oslo seier kontant ja då han blir spurt om å gi mjølk til eit kopplam. Men det blir litt meir action enn han set pris på. Det kan du sjå i bildegalleriet under.

Tingvoll 1
Foto: Tore Ellingseter / NRK
Eit besøk i Tingvoll Økopark er ikkje utan dramatikk.

– Fantastisk å kose med dyra

– Dette er kjempegøy, seier Gabriel Karlsrud. Tolvåringen frå Oslo er på ferie på Nordmøre.
– Det er ikkje så mange dyr der eg bur. Det er mest asfalt, seier han.

Mora til gutane meiner dette er midt i blinken som sommaraktivitet for familien. I Tingvoll Økopark har dei sauer, grisar, geiter, hestar, høner og kaninar.

– Vi lever litt fjernt frå dyr og gardsdrift. Det er ei fantastisk oppleving å kunne kose med dyra på nært hald, seier Marie Ostnes.

Livsglede og meistringskjensle

– Det blir meir og meir av dette, seier Bente Berget, doktor i antrozoologi ved Universitetet i Agder.

Bente Berget, doktor i antrozoologi, Universitetet i Agder.

ICEBREAKER: Bente Berget meiner barn kan lære seg å knekke sosiale kodar når dei er saman med dyr.

Foto: Universitetet i Agder

– Når det digitale har fått eit så stort innpass i liva våre, blir det endå viktigare å vere saman med levande individ.

Eksperten i samspelet mellom dyr og menneske meiner det er store skilnader mellom foreldra. Nokre er bevisste og opptatt av at barna skal vere saman med dyr. Andre ikkje.

Eit forskingsprosjekt i Grimstad på Sørlandet viste at inaktive barn fekk auka livsglede då dei fekk innpass i ein kennelklubb.

Barna hoppa over hinder saman med hundane. Dei vart glade og spreke, og opplevde ei meistringskjensle dei ikkje hadde hatt før.

Tingvoll Økopark

KOSEDYR: Etter knall og fall i møtet med lamma, er tilliten gjenoppretta mellom femåringen Philip Ostnes og dyra i parken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Landbruket er fjernt og ukjent

Sjefen i Tingvoll Økopark, Unn Fyllingsnes, seier at du ikkje treng å vere frå Oslo for å vere ukjend med gardsdrift. Også i nærområdet på Nordmøre er det mange barn og unge som lever fjernt frå primærnæringane.

Oslogutane Philip og Gabriel har fått smaken på bygdelivet. No skal dei inn og sjå på ei utstilling om dyr som lever i jorda.

– Men vart du ikkje litt skremd då lammet hoppa opp på bror din, og han fall i bakken?
– Eg var litt redd for korleis det skulle gå, seier Gabriel.
– Men han toler det. Han er ein tøffing!

Tingvoll økopark

TRAFIKKAUKE: Dyreparkar og andre liknande tilbod opplever stor etterspurnad denne sommaren. I Tingvoll går geita Helge rundt på to bein, og det er det mange som vil oppleve.

Foto: Tore Ellingseter / NRK