Målingar som blei utførte av vegvesenet i månadsskiftet april/mai, viser at snittfarta for personbiler er rundt 90 kilometer i timen. Høgste tillate fart i tunnelane er 80.
Det viser seg at det er bilar i Ellingsøytunnelen som kjem frå Ålesundssida som køyrer fortast.
Vil ha radar
Overingeniør Tommy Bones seier dei no ønskjer seg radarar i tunnelane. Bones fryktar at den høge farta kan føre til ulykker, og viser til at ulykker i tunnelar kan få store konsekvensar.
Vil ikkje prioritere
Politibetent Jostein Solvoll er samd i at det er alvorleg dersom det skjer ei ulykke inne i dei undersjøiske tunnelane. men sjølv om farta er for høg, så meiner han at det er andre strekningar i Ålesund som bør prioriterast når det gjeld fotoboksar. Solvoll seier politiet vil arbeide meir for å sikre innfartsvegen til Ålesund fordi det skjr fleire ulykker på denne strekninga.