Hopp til innhold

Fotoboksane fekk inn 2,3 millionar

2711 bilar køyrde for fort forbi fotoboksar i Møre og Romsdal i fjor. Det gav bøter på nesten 2,3 millionar kroner.

Fotoboks Tøndergård

Fotoboksen på E39 ved Tøndegård i Molde var den mest innbringande i 2016. På grunn av den måtte bilistar som braut fartsgrensa ut med over ein halv million kroner i fjor.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ferske tal frå politiet sitt ATK-senter i Fræna viser at i 2016 var det 2711 bilar som vart fanga opp av fotoboksar i Møre og Romsdal fordi dei hadde for høg fart.

Flest fartsyndarar var det på riksvveg 70 ut frå Kristiansund og ved Omsund og på E39 ved Tøndergård i Molde. Riksveg 61 mellom Hareid og Garnes ligg like bak på lista.

Over ein halv million inn ved Tøndergård

Den mest innbringande fotoboksen i Møre og Romsdal i fjor var den som står ved Tøndergård i Molde. For høg fart forbi den resulterte i bøter på 540 500 kroner.

Det viktigaste føremålet med fotoboksane er likevel ikkje å ta fartsyndarane, men å få ned farta, seier regionansvarleg for ATK (automatisk trafikkontroll) i Statens vegvesen, Jørgen Bysveen.

Jørgen Bysveen

Jørgen Bysveen seier at fotoboksane gjer at bilistar er flinkare til å halde fartsgrensa.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Alle målingar og tal så langt, viser at vi har ein veldig god reduksjon av farta, som er primærmålet til fotoboksane.


Vi har 17 fotobokser i Møre og Romsdal, 12 på faste punkt og 5 i Eiksundtunnelen som målar gjennomsnitt over strekningar.

– Vi ser at den første tida fotoboksen er aktiv, er det ein del bilistar som går i baret, men etter kvart som folk vert kjende med at der er ein fotoboks så tilpassar dei farta si fort.

Strekningsmåling i Ålesundstunnelane

Den første fotoboksen i Møre og Romsdal kom i 1999. Sidan då er seks fotoboksar fjerna og det er lenge sidan vi fekk nokon ny.

– Vi har ofte endringar i vegnettet. Det gjer at vi får endring i både fartsnivået og trafikkmengda på vegen. Då må vi heile tida gjere vurderingar om kvar fotoboksane skal vere, seier Bysveen.

Forsking viser at det mest effektive for å få ned trafikulykker er gjennomsnittsmåling av farta over strekningar. Då får ein redusert farta over ei mykje lengre strekning enn ved vanlege fotoboksar.

Eiksundtunnelen

Høg fart i Eiksunstunnelen gjorde at Statens vegvesen byrja med strekningsmåling der. Det gav resultat.

Foto: Ruth Helene Myklebust / Statens vegvesen

Så langt er det berre i Eiksundtunnelen vi har slik strekningsmåling i Møre og Romsdal.

– Der var eit høgt fartsnivå då tunnelen opna, og nokre stygge ulykker, men vi ser at vi har hatt ein markand reduksjon av farta etter at gjennomsnittsmålarane kom på plass, fortel Bysveen.

Men no kjem det fotoboksar med strekningsmåling også i Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen i samband med rehabilitering av dei.

– Det vil verte strekningsmåling i begge tunnelane og i begge retningar i tunnelane.